Thailand

Kambodsja

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  

Areal: 176 520 km2

Befolkning: ca 14 mill

Styreform: konstitusjonelt monarki (som Noreg)

Konge: Norodom Sihamoni

Hovedstad: Phnom Penh

Språk: Khmer

Valuta: Kambodsjansk Riel

Nasjonaldag: 9 november

 

På tross av tragisk nyare historie (Røde Khmer og Pol Pot), har Kambodsja mykje å vise fram. Det viktigaste er sjølvsagt Den gamle hovedstaden Angkor, med Angkor Wat som det naturlege høgdepunktet. Det er på Unesco si liste over verdsarven.

 

Pnom Penh - hovedstaden, har også mange flotte tempel(mellom anna sølvpagoden), men det er "the killing fields"(dødsmarkene) rett utanfor byen som gjer størst inntrykk. Her antek ein at ca 17 000 menneske vart drepe. Men under Pol Pot sitt regime, så antek ein at ca 2 millionar menneske omkom som følge av henrettelse eller tortur, og som ein direkte årsak av sult forårsaka av regimet sin politikk.

 

Me såg fram til å sjå Angkor Wat, oppleve det kambodsjanske folkelivet, alle mopedar og det øredøvande lydbilete det er i Phnom Penh og Siem Reap. Me bestilte direkte transport frå Jomtien til Siem Reap. Det var enkelt. Siem Reap var ein svært positiv overraskelse. Så der vart me eigentleg alt for lenge. Me budde hjå Kritisn - eigar av hotellet Soria Moria. Buss til Phnom Penh, Phnom Penh var ein sterk oppleving. Sat kraftg i magen! Buss til Ho Chi Minh.

 

 

KAMBODSJA