Thailand

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Areal: 510 890 km2

Befolkning: ca 65 mill

Styreform: konstitusjonelt monarki (som Noreg)

Konge: Rama IX (Bhumibol Adulyadey)

Hovedstad: Bankok

Språk: Thai

Valuta: Baht

Nasjonaldag: 5 desember

 

Thailand har, i motsetning til sine naboland, aldri vore europeisk koloni. Før 1939 heitte landet Siam. I hovedstaden Bangkok finn du Ratanakosin, der du finn Grand Palace, nasjonalmuseet og Wat pho (med den lengste liggande Buddhaen - 46 m) og Wat Phra Kaeo med Smaragd-Buddhaen.

I det store og heile så er det mange flotte tempel (Wat) å sjå, og mange hellige Bhuddafigurer. Chiang Mai er den nest største byen i landet, og ganske annleis enn øyene og kystlinja mange stort sett forbind med Thailand. Kanchanaburi med "River Kwai" er og ein fasinerande stad.

 

Me hadde vore i Thailand 2 gonger før (mammaen 3), og me set fortsatt stor pris på dette landet. Det vert kalt "smilets land", og me opplever det som stort sett rett. Me er sjølvsagt glad i det gode klimaet, ongane elsker å kunne bade i timesvis, utan at til og med veslesyster blir kald. Men aller mest at folk er vennlege og imøtekommande. Det kjennest trygt å reise rundt i Thailand! Me såg og fram til å bli kjent med ein større del av Asia.

 

Me leigde eit hus i Jomtien. Det vart "basen" vår desse 2 månadane. Her hadde me god plass til besøk, stort basseng, internett og enkel transport. Dei fyrste dagane slappa me av og kom i orden. Møttte den norske familien Lillevik, som var på same type tur som uss. Etter ca 1 veke, så tok me loffeturen til Kambodsja og Vietnam. Då la me att ein del av tinga våre i huset, og reiste litt "lettare". Etter at me kom att frå den turen, så hadde me intense skuledagar, før pappen kom på juleferie. Så var det klart for julefeiring med pappaen, onkel, tante og 2 søskenbarn. I julehelga reiste me til Koh Samet. Den siste perioden fekk me besøk av ei svært god veninne av mammen og kompisen til storebror. Då vart det ein tur til KOh Chang. Thailand utan øyturar går ikkje ;-). 

 

 

THAILAND