Kor mykje kosta det, og korleis fann me løysingar som gjer at me fekk det til?

 

Litt om budsjett og sparing

 

Budsjett: Når me bestemte uss for dette, så ante me vel ikkje kor mykje me eigentleg trengte. Vanskeleg å tippe, og undervegs så vert det alltid endringar som gjer det enten dyrare eller - nokon gonger - faktisk billigare....

Den største utgiften er sjølvsagt flybillettar. Me tok kontakt med fleire selskap, og me trudde lenge at ein jorda-rundt-billett var det beste valget. Det er fleire variantar av dette og, der ulike flyselskap er knytta saman i ulike alliansar. Derfor vert valg av land ein skal besøkje ofte avgjerande for kva som vert rimelegast. Me måtte både ta vekk noko, og legge til noko, for å fa det til ein OK pris og med dei viktigaste stoppa. Etter å ha gått på mange kompromiss, var det eit selskap som faktisk tenkte litt lengre, og sjekka prisen for enkeltbillettar. Då vart det faktisk billigare, og stort sett med dei stoppa me prioriterte. Total pris vart kr 67 000 for alle 3. Det seier me uss fornøyde med.

Når det gjeld overnatting, så vart det ein blanding av hus, leiligheit og hotell/pensjonat og privat inkvartering. Det dyraste vart faktisk huset i Thailand. Der kunne me nok funne noko billigare!

Ein annan ganske stor utgift er reiseforsikring for ein slik tur.... Me sjekka fleire stader, men kom rimelegast ut med å utvide vår opprinnelege reiseforsikring. Pga at eg er organisert i Utdanningsforbundet, så har me i utgangspunktet 90 dg reiseforsikring gjennom VestaHygea. Derfor trengte me berre 3 mnd utviding. Dermed kom me under 5 000,- Veldig fornøyd med det!

Me har og hatt ein del andre utgifter. Mellom anna vaksiner(ca kr 2 000) visum(ca 2 000,-), handle inn nødvendig utstyr/klede og litteratur.

Me oppheldt uss i Asia og Sør/mellom/nord-Amerika. Asia er svært billig både å bu, reise og eta i. Det vart faktisk endå billligare enn budsjettert. Sør-Amerika er og ganske rimeleg. Vart litt overraska over at mellom-amerika er dyrare enn Peru. Det absolutt dyraste vart våre korte opphold i USA.

I utgangspunktet rekna me med ca kr 1000 pr døgn  i snitt, og det gjekk fint! (NB hugs at det er 1 vaksen og 2 born. Me brukte aldri meir enn 1 rom...)Eg hadde satt ein liten buffer på ein eigen konto, og den var urørt når me kom heim. Fint å avslutte med ferie, for då fekk eg faktisk fyrste lønsutbetaling på slutten av turen.

 

Sparing: Beinhard prioritering! Aldri har mamma vore så flink til å lesa tilbodsbrosjyrer sm kjem i posten, og kjøpe inn stort... Til og med ungan vart opptatt av å lesa på lappane for å finne kva som var billigast - "mamma - den er billigare på kiloen...." Alle feriepengar gjekk rett inn i sparekassa, og gåver til jul/bursdag gjekk same veg. I og med at eg har ferie dei fyrste 6 vekene, så kjem det inn 2 lønningar medan me er undervegs, og ein ny lønning når me er på veg heim - då permisjonen er over, og eg nyttar ferie for 2011. Me fekk innvilga søknad om å kun betale rentene på huslånet i denne perioden. Men det fine er at ein har teke dette med seg vidare og, slik at me er vorte meir bevisste etter at me kom heim og. (Var og ein stor overgang å kome heim, og handle matvarer for nokre dgar - til same sum som me brukte i fleire veker på tur! Det tok tid å venne seg til det norske prisnivået att)

 

ØKONOMI