Me er medlem av Norsk Luftambulanse, og dei er veldig gode både på å anbefale ting i forkant av avreise og som støtte undervegs. Reiseapoteket vårt var basert på deira tips. Me bar dette rundt heile jorda, men fekk ikkje bruk for noko som helst! Men det veit ein jo ikkje. Bruket berre massse hånddesinfeksjon!

 

Me skriv ned kva me tok med:

Basispakke:
 · Sårrensemiddel, Pyrisept.
· Fucidin salve mot hudinfeksjonar
· Kompress/plaster, elastiske bind, støttebandasjer, enkeltmannspakker(fleire stykker), desinfiserande våtserviettar, saks, pinsett, febertermometer, fatle.
· Reisesjuketablettar, Postafen.
· Smertestillande eks. Paracet og ibux.
· Nasedråpar eller nesespray eks. Otrivin

· Resorb- er tablettar som er anbefalt ved utørring f.eks. ved diarre. Erstattar tap av sukker og salter.

· Imodium, tbl. som nyttast ved diarè, men ikkje til born under 12 år.
· Solkrem med faktor, evt Hydrokortison krem 1% ved soleksem(benyttast maks ei veke)
· Lokalbedøvelse i kremform, Xylocain 5% til bedøvelse ved stikk eller liknande.
· Eurax krem/salve for å dempe kløe i huden.
· Myggmidler, særlig effektive er dei som inneheldt DEET, bør brukas med forsiktighet til born. Me kjøpte i Thailand, og oversåg advarselen om DEET til born. Meinar det var viktigare å unngå Malaria eller
· Myggnett, helst impregnert, til bruk i tropiske områder. Brukte kun 1 natt.
· Malariamedikamenter.
· Faste medikamenter. Anbefalast å bringe med i håndbagasjen, og ha nok for heile opphaldet. Husk i så fall erklæring på engelsk. Ta gjerne med litt ekstra.

Utvida reiseapotek(Medikamenter):
 Nokre av medikamenta må du ha resept for å få  f.eks frå fastlege
· Penicillin (eks.Apocillin, Weifapenin) for infeksjonar i luftvegar og enkelte sårinfeksjonar.
· Ciprofloxacin (Ciproxin) 500mg som eingangsdose ved diaredebut.
· Fucithalmic 1%,  augedråpar mot verkande augekatarr
· Paralgin forte til bruk ved sterke smerter
· Cetrizin til bruk ved allergi evt hudkløe(nokon som var på besøk fekk dette ein gong).

 

Alt dette - tilpassa uss 3. Med ein nøye liste frå lege, med korleis det skulle brukast av kven...


Me brukte nok totalt over kr 4000 for alt dette, og det viste seg å vera heilt unødvendig. Men det veit ein jo aldri. Me er i utgangspunktet ein familie som svært sjelden vert sjuke, så slik sett var det sikkert i overkant. 
 

!

 

REISEAPOTEK